af Marita Refsnes 16 år siden
252
Mere som dette
"[U]like webverktøy som åpner for at vi kan samarbeide om, dele, publisere og oppdatere nett-tekster uten spesielle tekniske forkunnskaper" (Harboe, Leif 2008, s. 37).
Datatilsynet.no er oppretta for å sjå til at personopplysningslova vert fulgt. Føremålet med lova er å verne den einskilde mot krenking av personvernet gjennom bruk av personopplysningar. Datatilsynet er både tilsyn og ombud. Datatilsynet arbeidar for å opplyse og gi råd om behandling av personopplysningar og vise til ulike problem og konsekvensar ein kan kome bort i.
Dette er ei Internettsida som har som føremål å hjelpe skular, lærarar, elevar og foreldre å ta i bruk Internett på ein trygg og etisk forsvarleg måte i læringsarbeid og på fritida.
Du bestemmer.no er ei side som arbeidar for å auke medvitet til born, unge og voksne i korleis ein skal og bør oppføre seg på internett.
Smart-reglane finn du hos Barneombudet.no som arbeidar for born og unge frå 0-18 år. Barneombudet har som oppgåve å ta vare på born og unge sine interesser overfor det offentlege og private, og fylge med i utviklinga av born og unge sine oppvekstkår.
Nettvett.no fortel deg kva som er verd å vite, råd om korleis du sikrar deg og kva du bør gjere om du får problem i samanheng med Internett-bruk. I tillegg gir den korte Nettvett-reglar og gode råd.