Nyheiter gjennom tidene
131 f.kr.
Romarane fekk dei daglege nyheitene sine i "Acta Diurna" informasjonen blei hogd i stein eller metall og deretter plassert på offentlege plassar Nyheitene blei også sende med ryttarar ut til provinsene.
Tale
Acta Diurna
1400-talet
I mellomalderen var bøkene håndskrivne, og kvar bok var unik. Då boktrykkarkunsten blei tatt i bruk, blei det mogleg å trykke fleire eksemplar av same tekst. Teknikken blei brukt til bøker (først til Bibelen) og etter kvart aviser.
Tale
1800-talet
Moglegheita til å masseprodusere aviser var viktig for utviklinga av demokratiet. Avisene blei ein viktig formidlar av ulike meiningar om korleis samfunnet burde styrast. Ord blei makt og det var ikkje lenger berre kongen sit ord som gjaldt. Det var revolusjonstid.
Tale
1900-talet
Dampmaskinen kom til Noreg i 1848, og han kunne drive trykkpressene. Med meir avansert trykkeri kunne endå fleire aviser trykksat på kort tid. Åra mellom 1945 og 1970 var spesielt gode for papiravisene.
Tale
Ein gammal dampmaskin
1990-talet
Internett kom for å bli!
Mange aviser begynte å publisere artiklar både i papirutgåve og på nett. Nettutgåva var gratis, og 1990-åra var slutten på gullalderen for papiravisa i Noreg.
Tale
Underemne
2000-talet
I dag kan kven som helst publisere nesten kva dei vil i sosiale medium, inkludert nyheiter. Det krev mykje av lesaren, som må vere på vakt mot falske nyheiter, desinformasjon og klikkagn.
Tale
Falske nyheiter